Omgrepet "livsglede" inneheld ein kvalitet som vi vel alle ynskjer å ha i liva våre.
Omgrepet "livsglede" inneheld ein kvalitet som vi vel alle ynskjer å ha i liva våre. Likevel er det eit omgrep som er vanskeleg å definere heilt konkret, dei fleste vil vel vere eininge om at det er i slekt med "lukke" og "kjensla av å ha eit meiningsfullt liv".
Ein kan og seie det på den måten at livsglede er å ha ein grunntone av harmoni, positivitet og indre ro i sinnet, rett og slett glede seg over sin eksistens og det og vere til.
Kva skapar livsglede, og kva må til for at denne kjensla held seg over tid?
Vi lever alle under skiftande livsforhold og livsfasar. Omstenda vi møter gjennom livet opplever vi som positive eller negative, noko dreg opp, anna dreg ned. Det er og skilnad på oss som individ, vår tålegrense for å takle sjukdom og problem er ulik, også vår evne til å fokusere på gode eller dårlege faktorar i livet.
Vi kjenner oss alle nede og slit når påkjenningar, sjukdom og problem står på. Men eit kjernepunkt mht. livsglede er at grunntonen av glede vender tilbake når forholda normaliserer seg. Det er og lettare å halde på gleda i livet gjenom tunge tider om ein på trass av det vanskelege også har gode kvalitetar i livet som kan "balansere vekta".
Det har vore gjort mange undersøkingar om kva som er viktige faktorar i livet. Her er nokre av dei som oftast går att, og som ein må tru har betydning for den livsglede den enkelte kjenner:
*
God fysisk og psykisk helse
*
Godt familieliv
*
Gode vener
*
Interessant og meiningsfylt arbeid
*
God økonomi
*
Kunst -og kulturopplevingar
*
Positiv fritid
kilde: Forfattar : Peter Holvik Lothe, |